Både 2020 og 2021 har vore to krevande år for Plussreiser, der turar har vore planlagt og blitt avlyst, og det er viktig for selskapet å gjere eit godt år i 2022, men likevel er dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne positiv til det nye året.

Turoperatører melder at folk no er reiselystne og vil til varmare land, og vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Plussreiser, Aud Kindervåg Halsne, for å høyre korleis dei opplever denne pågongen.

Frå 9. januar opna Israel opp for nye turistar, og Plussreiser får då sende nye grupper til landet på tur. Vidare er Oberammergau eit reisemål som mange har meldt seg på frå og med mai, og Kindervåg Halsne fortel at mange av dei turane er no fullbooka og prøvane til dette spelet går no som normalt.

Ny katalog for 2022 er snart klar, der både turar innanlands og utanlands er planlagt.