I Japan arbeider Karoline Skjong Bergersen og ektemannen Marius Bergersen som misjonærar. Familiearbeidet er særs viktig og i eit intervju med Karoline får vi høyre meir om kvifor. -Det er ei gruppe som treng å høyre evangeliet og ei gruppe som har tid til å høyre, fortel Karoline Skjong Bergersen. Dei jobbar no med å starte ein ekstra søndagsskule, slik at dei ulike aldersgruppene får opplegg eigna for sin aldersgruppe. Babysong, søndagsskule og onsdagsklubb etter skuletid er nokre av dei ulike aktivitetane familien Bergersen arbeidar med.