Eit par veker inn i krigen i Ukraina tok Radio Sunnmøre ein prat med Tetyana Grynyk, som saman med fleire familiemedlemer då var svært usikre på om og når dei skulle flykte frå heimlandet sitt. Tetyana har i fleire å vore i Noreg og arbeidd på sommaren, men denne reisa til Sunnmøre ville vere annleis.

Saman med born, tante og mor tok sette dei seg i bilar og reiste ut av heimlandet sitt, då flyalarmen i heimbyen også starta å gå kontinuerleg både natt og dag. Dei reiste til Sunnmøre og busette seg hjå systera til Tetyana med familie på Emblem. På Emblem bur dei no 14 personar i ein einebustad, og utfordringane med å skulle busette seg på Sunnmøre som flyktning frå Ukraina er mange.

Vi har tatt ein prat med Tetyana Grynyk om korleis det var å ta avgjersla om å flykte frå heimlandet, frå mann, son og svigerdatter, og om å busette seg på Sunnmøre både for dei unge og eldre i fylgjet.