Røde Kors tilbyr siste mandag i månaden gratis kurs i studieteknikk, og veiledning inn mot større prøver som tentamen og eksamen. Thomas Alvik er pensjonert lærar og har meldt seg som frivilleg leksehjelpar hos Røde Kors. Han er saman med Ester Kalvø, i Røde Kors Møre & Romsdal, i studio for å fortelje meir om kurset.

Over fire mandager kan ungdom mellom 13-25 år kome på Fellesverket Dragen og starte med eit måltid før ein får kurs i ulike studieteknikkar. Kurset er gratis, og både Alvik og Kalvø fortel at kurset har kome opp etter at elevar sjølv har etterspurt det under leksehjelp. Kurset har kun 20 plassar og krevjer påmelding.

Høyr intervjuet med Alvik og Kalvø på Radio Sunnmøre.