-Vi har eit kall til å be for alle dei som no er midt i lidelsen, seier Marit Stokken Berland i kvardagspraten. Det gjer inntrykk på henne å sjå bilete frå Ukraina av alle som sit på kne og ber i både bomberom og ute i snøen. Midt i ein pandemi opplever vi no ein krig i Europa. 

Vi tek også ein prat om denne veka der Marit & Irene skal til Halden og halde møter. Då Noreg stengde ned på grunn av pandemien måtte dei stoppe møta dei haldt i Halden, og kjende seg ikkje ferdige der. No er dei sterkt ynskja tilbake, og møta held fram onsdag til søndag denne veka.

I kvardagspraten gir Marit Stokken Berland eit oppmuntrande ord om at Gud aldri står på avstand når nauda er stor. Han står midt i nauda og tørker tårer.