Nyleg kom Elisabeth Emblem heim frå Afrika, der ho har vore på tur saman med ei stor gruppe med NSP Aid. Elisabeth haldt strikkekurs for borna på Faraja Childrens Home/Malaika Villages. Med sponsa garn og pinnar frå Vikig Garn, og frå folk frå ulike stadar i Noreg, og i tillegg med god hjelp frå lærarar og strikke-damer i reisefylgjet, så fekk fleire born lært seg korleis ein kan strikke seg blant anna eit panneband.

Emblem har vore i studio med mange nye og ferske inntrykk frå Afrika-turen. I tillegg høyrer vi litt om arrangementet som NSP Aid skal ha på søndag.