Det blir karakveld på Vigra bedehus torsdag 8. juni. Denne kvelden får ein IKKJE nispt og pynt eller kaffiservise med gullkantar, men grillmat, bacalao og sofaprat er noko av det som står på programmet. Odd Kåre Naalsund fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at damene på øya i lengre tid har hatt damekveldar, og no ynskjer karane å ha sin eigen kveld.

Høyr heile intervjuet med Odd Kåre Naalsund.