-Julehøgtida er for mange ei koseleg tid, med familie, julekaker og tente lys. Til og med ikkje-kristne kan smile til forteljinga om den vesle babyen som vart fødd i ein stall, innleier Jarle Haugland vekas mediekomentar frå Tro & Medier. 

Vidare i mediekommentaren seier Haugland at vi lever i ei viktig brytningstid, der Noreg har blitt eit etterkristent land. Det er ikkje lenger sjølvsagt i vårt samfunn at jula er ei kristen høgtid. Vil Jesus vere synleg i framtidas julefeiring?

Høyr vekas mediekommentar frå Tro & Medier ved dagleg leiar Jarle Haugland.