Over 1000 menneske har vore medlem i krinskora til Misjonssambandet i Møre og Romsdal dei siste 40 åra. Søndag 26. mai skal jubileet markerast og alle tidlegare deltakarar er invitert til å delta i feiringa på Gomerhuset i Skodje. For 40 år sidan starta det heile med eit krinskor, men etter som dette vart så populært vart det etterkvart utvida til to krinskor og seinare to aspirantkor. Kairos og Eleos vart namna på krinskora, og Krasp Sør og Krasp Nord heitte aspirantkora. Ole Os har vore ei drivkraft for og med kora i alle desse åra, og i eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han meir om kva som har drive han i dette arbeidet.

Høyr heile intervjuet med Ole Os på Radio Sunnmøre.