Når nokon vert kidnappa og teken som gissel kan det av og til betalast løysepengar for at denne personen skal bli sett fri. Jesus seier at han er komen til verda for å gje livet sitt som løysepengar for oss menneske. På Jesu tid var det vanleg å betale løysepengar for gislar, krigsfangar, slavar ja endatil for dyr i enkelte tilfelle. Men kva betyr dette for oss som lever i 2022 og kor mykje og på kva måte betalte Jesus løysepengane våre? Dette er utgangspunkt når medarbeidar i Radio Sunnmøre, Arild Ove Halås har Ord til ettertanke denne veka.