– Det er ein forunderleg følelse å lese ei tekst som er 2000 år gamal, og plutseleg snakkar ho med meg og forstår meg og mitt liv, fortel Hans Johan Sagrusten. For to år sidan gav han ut boka «Johannes Openberring – ein samtidsvisjon». Mandag 29. april kjem han på mannsmøte i Misjonssalen Ålesund for å snakke om temaet med same tittel som boka. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han at Johannes Openberring har vore ein samtidsvisjon for alle menneske som har lese den i alle dei år, og det er det som gjer den levande.

Høyr heile intervjuet med Hans Johan Sagrusten på Radio Sunnmøre.