-Ein må vere ærleg med Gud, både i krise og seire, fortel Yngvar Audun Aarseth til Radio Sunnmøre. Det heile starta i bomberommet på Ellingsøy ungdomsskule. Han tok i mot Gud og sidan då har mykje skjedd. Aarseth flytta etterkvart til Tyskland og har der vore med å planta 11 menigheter med rundt tusen medlemmar. Ein bibelskule har blitt satt i drift og arbeid i Afrika. Dei siste 27 åra har Aarseth også levd med sjukdomen MS. Ei diagnose som vart eit vegkryss i livet. – Det er viktig å alltid kome tilbake til Gud, både når ein opplever seire og kriser, fortel Aarseth. Og med det fokuset på livet har han fått gjort mykje.

No arbeidar han med å få teaterstykket Passion21 til Noreg. Eit pasjonsspel om Jesu lidelseshistorie, som er sett av fleire tusen menneske, då det både har blitt spelt på teater i Tyskland og på riksdekkande fjernsyn, med kjende skodespelarar. Aarseth ynskjer å ta spelet til Noreg med kjende norske skodespelarar i 2025, og Ålesund er ein sjølvsagt plass å besøke for Aarseth.

Høyr heile historia til Yngvar Audun Aarseth på Radio Sunnmøre.