-Vi skal bere meir ved til bålet for å gløde meir, og skape ein eld som brenn kraftigare så vi kan nå fleire, seier Knut Aarsund. Han er ein av mange som engasjerte seg i samtalen under årsmøtet til IMF Sunnmøre i helga. Samtalen varte og rakk då det var svært mange som vart engasjert i forslaget til ei fornya organisering rundt arbeidet på bedehusa for å få meir misjon.

Ei prosessgruppe har i fleire år arbeidd med eit forslag som krinsstyret i IMF Sunnmøre la fram under årsmøtet. Dette innebærer at krinsstyret blir eit ressurssenter for forsamlingane på Sunnmøre, og at dei større bedehusa blir kraftsenter for dei mindre bedehusa. Årsmøtet stemte einstemmig for krinsstyret sitt forslag. Vi tok ein prat med Runar Landro, leiar for IMF, Knut Aarsund og krinsleiar Johan Halsne.