Torsdag 17. februar frå kl.11-18 arrangerer Randi Hamre ei minimesse på Volda bedehus. Ho har med seg symaskina og mykje oppsydde både barnekle, varmehalsar og puter for sal, og dette gjer ho til inntekt for Radio Sunnmøre. Hamre fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre, at radioen har betydd enormt mykje for henne sidan ho fekk ME. Difor ynskjer ho å gje tilbake med å arrangere denne salsmessa.

Høyr intervjuet med Randi Hamre på Radio Sunnmøre.