I år er det Frivillighetens år, og Møre & Romsdal fylke ynskjer i den andledning å dele ut 500.000 kroner under ei «festeveke» i veke 23.  I utlysninga til midlane er formålet å fjerne barrierer som enkelte kan ha for deltaking i frivilleg aktivitet, auke deltaking, og synleggjere frivilleg sektor sin betydning i samfunnet. Ei prioritert målgruppe skal vere born og unge.

Som einaste fylket i landet, har Møre og Romsdal bestemt at trussamfunn og anna religiøs verksemd ikkje kan søke på desse midla når frivillighetens år skal feirast.

Dette reagerer leiar for IMF Sunnmøre, Johan Halsne, sterkt på. Leiar for Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal, Marit Nerås Krogsæter (Sp), synest det er rart at dei får ein reaksjon på retningslinjene først i år, fortel ho i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Radio Sunnmøre har invitert Johan Halsne og Marit Nerås Krogsæter i studio for å samtale nærmare om saka.