-Mennesket består ikkje berre av ein kropp, men vi har ei ånd og ei sjel også. Då er det viktig at vi får vere heile menneske og å vere opne om trua vår. Det er mange i tida som meinar at alt skal vere livssynsnøytralt, men det eksluderar veldig mange, seier Victoria Smenes (KrF). I Fylkestinget i Møre & Romsdal vart det tysdag vedteke at Møre & Romsdal ynskjer å vere ein livssynsopen fylkeskommune som legg til rette for eit livssynsope samfunn. Fykestinget ber Fylkeskommunedirektøren om å innarbeide dette i relevante planer, til dømes regional delplan for attraktive byar og tettstadar.

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Victoria Smenes i KrF som sende inn ein interpellasjon om trusfridom og ytringsfridom for alle til Fylkestinget i Møre & Romsdal, og som vart vedteke med 37 mot 9 stemmer under Fylkestinget tysdag.