I år feirar Møre Ungdomsskule Ålesund 25 år sidan oppstart, og det skal markerast i romjula med ein reunion av tidlegare elevar.

Ove Kopperstad har vore med sidan skulen var berre ein tanke, og saman med fleire eldsjeler har han fått skulen opp og fram til det den er idag. I dag har skulen namnet Møre barne- og ungdomsskule Ålesund, og både elevtalet, skulebygget og det gode ryktet har vakse. Rektor ved skulen, Øystein Engås, har sjølv hatt eigne born som elevar ved skulen, og i tillegg vore tilsett som lærar før han no har vorte rektor. 

Vi har tatt ein lengre prat med Ove Kopperstad om korleis skulen vart til, og med Øystein Engås om tida vidare i ei tid det no blir stramma inn for private skular.