Ny leiar i Imf-Ung Sunnmøre

Randi Fagerhol Lauvås (58) startar 1. februar 2016 som ny leiar for Imf-Ung Sunnmøre.
Randi Fagerhol Lauvås (58) startar 1. februar 2016 som ny leiar for Imf-Ung Sunnmøre.

Frå 1. februar 2016 får Imf-Ung Sunnmøre ny leiar.

Randi Fagerhol Lauvås har takka ja til stillinga som ny leiar for Imf-Ung Sunnmøre. Ho har i mange år vore barnehagestyrar for NLM-barnehagane avdeling Tryggheim i Ålesund, og kjem no frå stillinga som pedagogisk fagkonsulent hos NLM-barnehagane AS.

Lauvås har i mange år vore aktiv på bedehuset og i indremisjonen, og fortel i eit intervju at no når ho trer til i stillinga i Sunnmøre Indremisjon er det som å kome heim att.

Høyr intervjuet med Randi Fagerhol Lauvås, ny leiar for Imf-Ung Sunnmøre:

      Ny leiar i Ungmisjon - By Ragnhild

1 kommentar til «Ny leiar i Imf-Ung Sunnmøre»

  1. Tilbakeping: Ny leiar i Imf-Ung Sunnmøre | Sunnmøre Indremisjon

Stengt for kommentarer.