I vekas episode av Sjømannspresten høyrer vi frå Kristianne Stendal Lothe, som er diakonal medarbeider i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Ho er sjukepleiar i botn og kjenner sjølv at det er godt sjølv om det ikkje er eit krav i jobben ho har no. Oppgåvene er mange og varierte, og når nordmenn flyttar til Thailand for å bu der siste del av livet, så er ikkje helsetilbodet det same som i Noreg og tilsette i Sjømannskyrkja får oppgåver som andre innstansar hadde hatt i heimlandet. 

Krigen i Ukraina gjer også inntrykk på nordmenn som bur i Thailand, og vi får høyre Kristianne også fortelje litt om ei gudsteneste dei arrangerer med lystenning og forbøn for dei berørte av krigen.

Høyr vekas episode av Sjømannspresten.