-Det er tøft også for oss som står på sidelinja, fortel Kurt Andre Henriksen om situasjonen i Ukraina. Oksana, kona til Kurt Andre, er frå Ukraina og har ei syster, foreldre og nær familie i det krigsramma landet.

I 18 år har Ukrainahjelpen blitt drive på frivilleg basis frå Indre bydel av Ålesund, av Oksana og Kurt Andre Henriksen. Nauda er større enn nokon gong i Ukraina på grunn av krigen, og behovet for hjelp i form av pengar til innkjøp av medisiner, vatn og mat i landet er enorm. Henriksen fortel i eit intervju med Radio Sunnmøre om korleis pengane kjem fram og kva behova for hjelp er akkurat no.

VIPPS til Ukrainahjelpen er 619635

Høyr også intervjuet med Tanya, syster til Oksana, som vi gjorde torsdag 3. mars.