Det vart i fjor samla inn heile 7,2 millioner kroner til Normisjon Møre, og vel fem millionar av dette går til det internasjonale arbeidet.
På regionårsmøtet i Valderøy bedehus laurdag vart Nils Ringdal frå Molde valt til ny leiar. Han fekk med seg Ruth Ingunn Ulstein Bø som nytt styremedlem. Totalt 51 stemmeberettiga møtte på årsmøtet, der personalleiar Else Kari Bjerva frå Normisjon blant anna orienterte om eit livskraftig arbeid både i Afrika og i Asia.
-Eit mål i tida som kjem må vere å gjere Normisjon meir synleg i regionen, seier den nye styreleiaren Nils Ringdal, som har forventningar til strategiarbeidet som er i gong i regionen.
Dei to Normisjons-foreiningane på Godøya og Valderøya stod for den flotte praktiske gjennomføringa av arrangementet, og Randi Sjåvåg i Valderøy Santalmisjonsforening meinar det har vore godt å dele på oppgåvene.
-Vi er rundt 20 medlemmar i foreininga Valderøy Santalmisjonsforening, seier Sjåvåg, som røper at foreininga rundar hundre år til hausten.
Kathy Celi Venås leiar barne- og ungdomsarbeidet, Acta, i regionen. Ho fortel om eit aktivt barne- og ungdomsarbeid i regionen.

Bilde: Randi Sjåvåg
Bilde: Kathy Celi Venås

Intervjuet er gjort av Johan Behrentz.