-Eg kjenner på sinne og sorg i forhold til arbeidsgivar og det eg opplever som løftebrudd og mangel på støtte, og at eg må forlate menneske som eg har blitt glad. Men så kjenner eg ikkje minst på glede og takksemd over det eg har fått lov til å vere med på ute i Giske. Då ikkje minst alle dei flotte menneska eg har fått vore prest for, både i sorg og i glede. Eg har fått oppleve så mykje flott og godt, og er så takknemleg for alle menneska der ute. Det er med stor sorg at eg reiser ifrå Giske, seier Benjamin Bjørnsen Anda (29), sokneprest i Giske.

Søndag 28. mai er det avskjedsgudsteneste for Benjamin Bjørnsen Anda i Giske, som sidan våren 2020 har vore sokneprest i soknet. I løpet av denne tida har det vore store medieoppslag om Bjørnsen Anda i fleire av dei store mediene i Noreg, som har handla om hans syn på kvinnelege prestar. Medieoppslag og lekkasjar på eigen arbeidsplass gjer at Bjørnsen Anda no føler seg pressa til å slutte i Giske sokn.

I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Benjamin Bjørnsen Anda openhjertig om den mediestormen og det presset han har opplevd på eigen arbeidsplass i Møre Bispedøme. Vi høyrer med han kva som eigentleg har vore den store utfordringa i saka, og korleis han opplever å måtte reise frå Giske.