Søndag 24. april kl. 1900 vert det salmekveld på Blindheim bedehus. Her får du både høyre og synge med på salmar som er skrivne over eit tidsrom på 1500 år. Dette er songar som har betydd mykje for menneske både i sorg og glede. Bakgrunnen for mange av dei mest kjende salmane våre vil verte presentert. Marius Bjørkavoll Nergård vert med som songar samen med mellom anna Blindheim musikklag. Sølvi Røsvik Vågen har hovudansvar for kvelden og har vore på besøk i studio hos oss i Radio Sunnmøre.