Dag Heggset er opprinneleg frå Tingvold på Nordmøre, men bur no i Trondheim kor han er arbeider som lærar på bibelskulen til pinsevenene. I fjor ga han ut ei live-plate med nokre av dei gamle og kjære salmane som framleis er mykje brukt i kyrkjer og bedehus. Plata vart spelt inn på Giske på Sunnmøre. 18.-20. mars kjem Heggset på ein mini-turne til Sunnmøre, og skal ha salmekonsert i pinsekirka Gurskøy (fredag), Valderøy bedehus (laurdag) og Emblem bedehus (søndag). Han skal også presentere desse salmane på kaffihuset Dråpen i Ålesund på laurdag. Vi har snakka med Dag Heggset om kva desse gamle salmane betyr for både han og oss i dag.