Solveig Leithaug har kome over Atlanteren igjen frå Nashville for nye musikalske oppdrag. Eit av dei er ein konsert på Godøy bedehus søndag 6. mars, og konserten har fått tittelen Vårlys. I tillegg til eit besøk innom Sunnmøre, skal Leithaug vere med på Gla`sang helga på Frænabu misjonssenter, og konsertar nokre andre stadar i Noreg.

Søndag blir det konsert på Godøy bedehus, der Solveig i samtale med krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne, vil dele frå sitt eige liv. Publikum vil denne kvelden få oppleve Solveig sine sterke melodiar og ærlege tekstar, som favnar breidt og speglar livet, i fylgje ei pressemelding. Repertoaret vil spenne frå nyare kritikerroste innspelingar Riverside -Hymns & Spiritual Songs, Time, Finding Home, og heilt tilbake til hennar klassikera frå 80-talet.