I dette programmet ser Trond Kjartan Michaelsen og Olaug Lillian Bjørke i Åpne Dører tilbake på 2021. Det har vore eit annaleis år; slik også fjoråret var. Likevel er det mykje å vere takksam for! Trond Kjartan er leiar for områdearbeidet, og vi får høyre korleis det breier seg utover ulike regionar her i landet. Trass krevjande tider har organisasjonen opplevd vekst; og det er stort å kunne auke hjelpa som sendast ut til forfulgte kristne. Samtidig er det flott å kunne spreie arbeidet utover også her heime, for norske kristne treng stemmene frå forfulgte kristne. «Mine forfulgte søsken har lært meg at mørket ikkje er noka kraft i seg sjølv, sjølv om det tidvis kan opplevast sånn. Mørket er fråvær av lys! Lyset er alltid sterkare enn mørket. Derfor er det håp for alle menneske, uansett kor mørkt det er i omstendigheitene», seier Trond Kjartan, når han skal trekke fram noko av det forfulgte trussøsken har lært han. Han ønsker også å seie Hjerteleg takk til alle lyttarar som står saman med Åpne Dører i tenestea. «Ikjke sjå smått på det å be ei bøn kvar dag, eller å ha ei givarteneste for forfulgte søsken. Det betyr kjempemykje for dei at nokon engasjerer seg for dei», avsluttar Trond Kjartan Michaelsen i Åpne Dører