Vi kan vere inkluderande og la dei kjenne seg velkomne, seier Julie Lothe (11) og Julie Bjørge (11) på Ellingsøya om flyktningane som no kjem til både Noreg og Ellingsøya. Fredag selde dei sjølvlagde muffins på undomsklubben på Årseth bedehus for å hjelpe dei berørte av krigen i Ukraina.

Fredag selde Julie Lothe (11) og Julie Bjørge (11) sjølvlaga muffins på ungdomsklubben på bedehuset. Dette gjorde dei for å hjelpe menneska som no er i naud i Ukraina.

-Vi såg på NRK Super at ein kunne hjelpe til å samle inn pengar til Redd Barna og andre organisasjonar, og dermed så ville vi lage muffins å selge på ungdomsklubben og hjelpe dei som har det vanskeleg i Ukraina, fortel Julie Lothe.

Fredag etter skulen gjekk dei heim og baka ferske muffins som vart selde unna på ungdomsklubben nokre timar etter. Pengane går til Redd Barna sitt arbeid i Ukraina. Jentene ynskjer også flyktningar frå landet velkomne til både Noreg og Ellingsøya, og håpar at vi alle kan vere inkluderande med dei.