-Det er veldig spanande å få jobbe med å få inspirere til å dele tru og å vere involvert i misjon, seier Øystein Samnøen. Han har starta som leiar for NORME i 30 % stilling, og frå 1. august aukar han stillinga til 50 %.

NORME er ein paraplyorganisasjon for 42 norske misjonsorganisasjonar og har ein visjon om å stimulere norske leiarar for misjon og evangelisering til å søke saman i felles refleksjon om strategi og teologi.