Trond Pundsnes, undervisningsutviklar i Indremisjonsforbundet (IMF).

Ein av grunnane til at Indremisjonsforbundet henta undervisningsopplegget AWANA til Noreg, var at dei ynskja å vere relevante inn i barn og unges liv.

AWANA er Indremisjonsforbundet (IMF) sitt nye undervisningsopplegg for barn og unge. Opplegget kjem opprinneleg frå USA. Tala på dei som har nytta opplegget tidlegare er gode. Dei viser at av barn og unge som har vore med i opplegget i minst seks år er 90 % av dei engasjerte og med i kristent arbeid i vaksen alder.

Trond Pundsnes, undervisningsutviklar i IMF, deltok på forsamlingskonferansen på Emblem bedehus laurdag, og i eit intervju med Arild Ove Halås fortel han meir om AWANA.