Framsida på Hilde Svela sin aller nyaste cd, Ver hos meg.

Framsida på Hilde Svela sin aller nyaste cd, Ver hos meg.

Hilde Svela har i sommar kome ut med si tredje plate, med tittelen Vær hos meg.

– Tittelen eg har satt på plata er ei bøn om at Gud skal vere hos meg, ei bøn eg meinar kvart ord i frå hjartet mitt, fortel Svela til Radio Sunnmøre.

På si tredje plate har ho skrive dei fleste songane sjølv, noko som er den største skilnaden frå dei to tidlegare platene.  Stilarten ho tidlegare har henta frå den keltiske musikkstilen er framleis med i songane.

Gjesteartistar

På denne plata har ho og med seg to gjesteartistar. Den eine er systera Marianne Engebretsen, som i vår deltok i musikkonkurransa The Voice på TV2, og den andre er dottera Susanna på 9 år. Begge er med på kvar sin song.

Høyr intervjuet med Hilde Svela her: