Medo – fra terrorist til Jesu etterfølger

I vekas program frå Åpne Dører, deler Olaug Lillian Bjørke historia til Medo frå Irak.

I dette programmet deler Olaug Lillian Bjørke historia til Medo frå Irak. Den er henta frå boka «I Iildovnen» av Tom Doyle og Greg Webster, utgitt på Lunde forlag i 2017 og omsett til norsk ved Torgeir Agøy. Vi går tilbake til sommaren 2014, og får høyre korleis Medo og kameraten Faisal opplever det når ei av verdas mest frykta terrorgrupper overtek kommandoen i heimbyen Mosul. Medan Faisal begeistra vervar seg til teneste, byrjar Medo å kjenne på ei gnagande uro over det han er med på og vert vitne til av vondskap. Det endar med at han legg ut på ei farefull flukt. Lovsongen frå nokre krossfesta kristne i Mosul er eit av dei siste minna han tek med seg frå heimbyen, og på forunderleg vis blir dei med på å leie Medo til Jesus. I dag er Medo tilbake i heimlandet sitt. Han seier: «Ver så snill å be for meg! Jesus gir meg liv, og det er ikkje noko eg ønsker meir enn å fortelje andre korleis han frelste meg, eit tidligare medlem av verdas mest frykta terrorgruppe.» I programmet får du elles høyre Frøydis Grorud og Ulf Nilsen sin nydelege versjon av «Jeg vil gi deg, o Herre, min lovsang».