Vi har hatt besøk i studio av tidlegare redaktør i Vårt Land, Helge Simones. Han har dei seinare åra skreve fleire bøker om korleis særleg kristne menneske gjev si støtte til autoritære politikarar, særleg Donald Trump og Vladimir Putin. Vi har spurt Simones om kven dei såkalla evangelikale kristne er, både i USA og Norge, og om det ikkje er ei fare for at vi i Norge kan gjere oss til dommarar over korleis folk i USA tenkjer og stemmer når det gjeld politikk. Torsdag 10. november held Simones foredrag om dette i Spjelkavik kyrkje.