27.september sovna Broder Andreas (94), Åpne Dørers grunnleggar, stille inn. I dette programmet ser vi tilbake på livet og tenesta, og heidrar hans gode minne. Det var inga sjølvfølge at Andreas skulle starte Åpne Dører! I sin ungdom var han på jakt etter eventyr, og verva seg til den nederlandske hæren. Mora sendte med han ein bibel, men den vart liggande uåpna i bagasjen. Ein krigsskade sette imidlertid ein stoppar for Andreas sin søken etter spenning, og det var dette som leia han til tru på Gud. Kva skjer når ein enkel mann lydig følgjer Guds kall, og korleis kan han inspirere kristne i dag til eit liv i etterfølging? Broder Andreas opplevde verkeleg at Gud åpna dører. Han sa: «Det finst ikkje ei einaste stengt dør, om du verkeleg ønsker å vitne om Jesus innanfor den døra. Jesus sa ikkje ‘Gå, dersom dørene er åpne’ eller ‘Gå, dersom du har fått ein invitasjon eller om nokon har rulla ut den raude løparen’. Jesus sa ‘Gå’, fordi menneske treng Hans ord.»