Tirsdag 26. april vert det basarkveld på Brusdalsheimen. Etter to års pause er Hilde Giske Lukkedal og dei andre i styret for leirstaden i Brusdalen klare for ein skikkeleg basarkveld. Matsal, åresal, loddsal og besøk av Sulagutane er noko av det du kan få oppleve denne kvelden.