Åpne Dører har eit nyttårsønske for 2022: Å nå endå lenger ut med bodskapen frå den forfølgde kyrkja! Organisasjonen er først og fremst ein bønebevegelse, og ønsker å oppmuntre kristne – åleine og i grupper – til å stå med i bøn for forfølgde kristne. I dette programmet vil Olaug Lillian Bjørke inspirere nettopp til det. Bibelen seier at «Bøna frå eit rettferdig menneske er verksam og utrettar mykje.» I dagens samfunn er det gjerne eit mål å være produktiv og verksam. Tenk at bøn kan vere ein måte å utrette mykje på! I andre halvdel av programmet vert boka «Bønn – der kampen avgjøres» presentert. Ei lita bok med eit stort innhald! Du blir teken med inn i eitt av kapitla: «Gjør deg klar til kamp».  Boka kan bestillast ved å kontakte Åpne Dører. I programmet får du elles lytte til Oddrun Hyttedalen, som syng den sterke bønesangen: «La din vilje skje».