-No er ringen litt slutta, fortel Wenche Gausnes Aasen som er kjøkkenleiar ved Sjøholt folkehøgskule. Ho er næraste nabo til skulen, og starta på internatkjøkkenet då det var ein vidaregåande skule der det no er folkehøgskule. Etter å ha tatt fagbrev og arbeidd nokre år som assistent ved Borgund vgs, så søkte ho seg tilbake til Sjøholt og er svært glad for det.

Aasen brenn for at elevane som har flytta til folkehøgskulen for eitt år av livet sitt, skal få kjenne seg heime. Ho fortel at ho blir som ei «mamma» i rolla si som kjøkkenleiar ved skulen, og kan ikkje få skryte nok av elevane. Høyr intervjuet med kjøkkenleiar Wenche Gausnes Aasen gjort av Oddveig Molnes.

Bildet: Kjøkkenleiar Wenche Gausnes Aasen og Inga Helen Støversten (kokk ved Sjøholt fhs), mellom seg har dei Trulte.