Sykkeltur på svart asfalt i 37 varmegrader er noko av det ein får vere med på når ein arbeidar i Sjømannskyrkja i Thailand. Kristianne Stendal Lothe arbeidar som diakonal medarbeidar og har mykje kontakt med nordmenn som har bestemt seg for å ha siste del av livet sitt buande i Thailand. Når ein blir gamal og treng litt ekstra hjelp er det Sjømannskyrkja som bidreg både med kontakt til heimlandet, og med den praktiske hjelp og omsorg som det er behov for når det ikkje lenger er like enkelt å kome seg heim til Noreg. Vi høyrer siste nytt frå Kristianne Stendal Lothe som er diakonal medarbeider i Sjømannskyrkja i Pattaya i Thailand.