Regjeringa, med Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen i front, har nyleg lagt fram ein handlingsplan for kjønns – og seksualitetsmangfald. Målet er å auke livskvaliteten til skeive, sikre skeives rettigheter og skape større aksept for kjønns- og seksualitetsmangfald.

Ei av handlingane i planen er å greie ut for innføring av eit tredje juridisk kjønn, og innsatsområde nummer en for handlingsplanen er retta mot religiøse samfunn og minoritetsgrupper. Ein statistikk frå Bufdir sine sider viser at dei som kjem innafor gruppa skeive i Noreg i dag er mellom 100 000 og 500 000 menneske.

Vi har tatt ein prat med Marit Johanne Bruset, spesialist i klinisk psykologi, om denne handlingsplanen. Ein handlingsplan med eit tankesett det er som mål å innføre i alle samfunnsgrupper, aldersgrupper og i det juridiske i Noreg. Bruset har arbeidd med psykisk helse sidan 1982, derav 11 år i barne- og ungdom psykiatrien. Ho har deler av den tida vore sjefspsykolog for poliklinikken BUP. Ho har også vore veiledar for psykologar under utdanning i barne- og ungdom psykologi, og ho har vore barnefagleg sakkyndig for domstolen i fleire år.

-Det er mykje framheva at ein skal auke respekt for inkludering og mangfald, men så ser ein ikkje heilt korleis dette blir presentert for barn og unge, som blir presentert for noko som, etter mitt syn, ikkje har dekning i utviklingspsykologien når det gjeld identitetsdanning. Særleg blant sårbare barn er dette vranglære som kan skape forvirring, engstelse og usikkerheit. Vi har hatt ein enorm auke av unge som meinar dei er født i feil kropp, eit begrep som er konstruert, og som er eit begrep som ikkje er rett i forhold til psykologien. Vi veit det at dei unge som blir fortalt, unge heilt i frå 3 års alderen som er sårbare, dei er i fare for å bli både engstelege og forvirra og kan ende opp med at dei kan oppleve utryggheit, noko som er det motsatte av psykisk helse. Det er også eit overgrep at dei skal bli påført så forvirrande informasjon under eit dekke av at dei skal lære respekt og mangfald.

Trygge borna i eigne kroppar

Mange unge idag er usikre i seg sjølv med påvirkning frå sosiale media og media meir enn nokon gong. I tillegg får unge allereie i 5. klasse i skulebøkene i oppgåve om å kjenne etter kva kjønn dei føler seg som.

-Dei som sliter kunne heller fått hjelp til å bli trygge i kroppane sine og sitt kjønnsuttrykk. Ein femenin gut må kunne få kle seg i det han vil, og ei maskulin jente må kunne få leike seg med det ho vil. Utan å bli fortalt at dei eigentleg er det motsatte kjønn. Eigentleg er dette eit tilbakesteg der vi lagar veldig snevre rammer, der ein skal passe inn i sterotype mannsroller og kvinneroller.

I 2016 vedtok Noreg ei lov der ein kan skifte juridisk kjønn på born frå dei er 6 år gamle, og det kan foreldre gjere uten å få godkjenning frå den andre forelder. Dette kan gjerast ombytte på så mange gongar ein vil. Denne lova vart innført utan konsekvensutredning og ifylgje Bruset kom inn bakvegen. -Tankesettet om radikal kjønnsteori har blitt jobba med systematisk i lang lang tid.

Respekt og aksept

Det er forskjell på å respektere og å akseptere. Og på spørsmål om denne handlingsplanen er den riktige planen for å skulle sikre betre psykisk helse til skeive, så meiner Bruset at det ikkje må gå på kostnad av andre grupper.

-Vi skal beskytte dei som er minoritetar, men vi skal ikkje gå inn i feltet der det skjer på bekostning av andre grupper som til dømes kvinners rettigheter og barns rettigheter, seier Bruset.