For niande gong vert motbakkeløpet Emblemsfjellet Opp (tidlegare Østremsetra Opp) arrangert søndag 28. august. Ålesund løpevenner står bak løpet, som også er eit samarbeid med Åpne Dører og Emblem bedehusforsamling. I tillegg til hovudløpet opp fjellet på Emblem, vert det eit løp over heile Emblemsfjellet frå Spjelkavik. Med utgangspunkt på Emblem bedehus vert det arrangert både barneløp og mosjonsløp/trimløp. Alle kjem i mål ved Frielebu (starten av lysløypa på Emblemsfjellet). Her vert det kiosksal og premieutdeling. Alle som deltek betalar ein kontingent på 100,- og desse pengane går til ein barneheim som Åpne Dører driv i Colombia. Vi har snakka med Helge Åkernes i Åpne Dører om kva som skjer søndag 28. august.