Johanne Leinebø er endeleg tilbake på Madagaskar etter å ha vore landfast i Norge sidan før corona-pandemien braut ut. På ei litt knitrande telefonlinje fekk vi snakka med henne når det var pause i arbeidet med å omsetje nye delar av Bibelen, denne gongen saman med Bara-teamet. Akkurat denne dagen gjekk diskusjonen høgt om korleis ein kan omsetje konkrete begrep i Bibelen som er heilt ukjende på Madagaskar. Når det står i det gamle testamentet  at David gjekk opp på taket av huset han budde i, korleis formidlar ein det i eit land der alle hus har spisse tak av strå? Dette er noko av det du får høyre om i ein ny episode i vår serie Johanne på Madagaskar.