Heilt frå tidleg barndom fekk Jan Bjørge inn med morsmelka både eventyrlyst og oppdagingstrengsel, etter at både misjonærar hadde budd hos dei og fortalt frå misjonsmarka, og etter at han sjølv hadde lest om og frå personar som hadde oppdaga verda. Dette gjorde at han sjølv som 20-åring reiste med ein båt, som skulle på sin sist reis, over til Sør-Amerika. Der håpa han blant anna å møte både indianarar og elefantar som han hadde blitt fortalt om.

Tru var også viktig i barndomsheimen, men då Jan sjølv tok eit standpunkt til Jesus, så har Jesus vore med på heile livets oppdagingsferd.

I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høyre Jan Bjørge fortelje fleire episoder frå livet der han har fått kjenne å ha englevakt, og om kor viktig trua på Jesus er for Jan.