Også denne hausten inviterer Åpne Dører til Fakkeltog i samarbeid med Stefanusalliansen. Dette er eit årleg arrangement, der ein set fokus på forfølgde kristne og lyfter fram deira situasjon i det offentlige rom. Årets tema er «På flukt for sin tro». I fleire land blir kristne pressa til å flykte frå heimane sine, som ein bevisst strategi frå forfølgjarane. Hensikten er å utrydde kristen tru og praksis. I programmet får du eit intervju med Linda Askeland, informasjonsleiar i Åpne Dører. Ho gler seg over stadig fleire fakkeltog utover landet; denne hausten går det mot ny rekord. «Bibelen oppmodar oss til å late opp munnen vår for den som ikkje sjølv kan tale. Ved å gå i fakkeltog, er vi med på dette! Vi som tilhøyrer Jesus, er ein kropp. Det som skjer med syskena våre, angår oss», sier Linda – og oppmodar alle som har høve til å bli med i årets fakkeltog. Du kan lese meir her: www.fakkeltog.no