Tysdag 11. oktober satte Randi og Jan Oskar Alnes, saman med sine to små gutar William og Martinus, seg på flyet. Ei lang reise ventar familien før dei landar i Australia, der dei i tre månader skal arbeide som frivillege for legeskipet i Papua Ny-Guinea. Eit av måla med turen er å bety ein forskjell og å hjelpe menneske, men også å styrke relasjonar med vener og kolleger rundt legeskipsarbeidet. Ekteparet Alnes ynskjer også å sjå etter nye måtar å engasjere Ungdom i Oppdrag sitt senter i Ålesund, Katedralen, på i arbeidet.

Jan Oskar Alnes fortel i eit intervju at han no gler seg stort til å kome tilbake til Australia, etter at koronatida har satt ein brems for det dei siste åra. Høyr heile intervjuet med Jan Oskar Alnes, som vart gjort berre nokre timar før familien satte seg på flyet.