I helga var det duka for årets Radiomesse for Radio Sunnmøre. Fredag var det digital radiomesse med direktesendingar frå kl. 0900 til kl. 1600, med gjestar i studio og sal av lefser og bakst frå Vikakroken (studio til Radio Sunnmøre). Laurdag var nervane mange når dørene opna kl. 1100 på Spjelkavik bedehus, men huset fyltes raskt opp og det var etterkvart plassmangel. Men som som det brukar å vere på kafè og julemesser, så vart det gjennomtrekk. Det kom og gjekk folk iløpet av dei tre timane messa pågjekk.

Elkana deltok med vakker song, Arild Ove Halås delte eit ord til ettertanke, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund tok ein kafèprat med Kristine Hurlen om det hjartet ho har for menneske som har fått eit hardare møtet med livet enn folk flest.

-Vi er ekstremt takksame til alle som har bidrege med bakst, gevinstar og ei hjelpande hand til årets Radiomesse. Det har vore spanande å skulle vurdere om vi skulle gå for ei fullskala messe som vi hadde før korona, men etter mottakelsen årets arrangement fekk, så ser vi at lyttarane er svært klar for å kome tilbake til normalen. Det er mange frivillege som skal til for å kunne arrangere noko slikt, og det er rørande å merke kor velvillige folk er til å stille opp for Radio Sunnmøre, seier dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Resultatet for årets Radiomesse på Radio Sunnmøre er rett over 200 000 kroner. Tusen hjarteleg takk til alle som har bidrege og støtta årets Radiomesse!