I løpet av to dagar og 26 direkte sendetimar med radiosending, vart det gitt 240. 000 kroner til Radio Sunnmøre under årets RadioGiv 2022. Kvart år har Radio Sunnmøre to dagar med innsamling til drifta av radioen, sidan radioen ikkje er ein kommersiell radio drifta på reklameinntekter eller store offentlege tilskot. Radioen er avhengig av frivillege gåver frå lyttarane, og responsen i år har vore heilt enormt. Fleire hundre lyttarar har gitt ei gåve til arbeidet, og det ser vi i radioen på som eit varmt klapp på skuldra.

Tusen hjarteleg takk til alle som har støtta arbeidet. Vi når 5000 faste lyttarar kvar veke på Sunnmøre via FM og DAB, og i tillegg har vi 24/7 sending på internettradio og via appen Radioplayer. I tillegg nådde vi i 2021 over 40 000 personar via sosiale medier, og podkasten hadde over 25 000 nedlastingar. Det er heilt tydeleg at Radio Sunnmøre har ein plass i eit samfunn der ein har behov for informasjon og ikkje minst inspirasjon. Vi håpar at vi som radio kan vere med å inspirere, engasjere og å vere trusstyrkande gjennom våre sendingar.

Igjen, tusen hjarteleg takk til alle våre støttespelarar. Det varmar.