Det aukar med faste givarar og faste beløp til Radio Sunnmøre under årets store givar-kampanje. Innan 30. april har Radio Sunnmøre eit mål om å nå ei samla auka fast inntekt på 200. 000 kroner i året. Per 28. mars er ein komen opp i 60. 000 kroner faste lovnader i året. – Det er fantastisk og vi håpar at vi når målet vi har satt oss. Vi satte som eksempel at vi treng 100 nye givarar som gir 200 kroner kvar månad, og til no har det kome 22 nye givarar eller at givarar har auka sitt månadlege beløp, og vi er dermed oppe i 60.000 nye kroner fast i året, fortel dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Kampanjen varer til 30. april, så alle nye faste givarar eller allereie givarar som aukar sitt faste beløp blir med i trekninga av ein Falcon First stol til ein verdi av 26. 000 kroner.

Nye seriar og ny morgonsending er noko av det Radio Sunnmøre ynskjer å få til i framtida, og med det er det behov for fleire faste givarar. Radio Sunnmøre har fått ein flott gevinst som vi skal trekke blant alle som blir faste støttespelarar innan 30. april. I ein samtale mellom dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund og programleiar Arild Ove Halås får du høyre meir om kva vi arbeidar med for tida.