-Eg opplever Radio Sunnmøre som ein tryggleik. Vi har fått utfordra lyttarane til å be for oss, og det gir meg ein tryggleik når eg veit at mange veit kva som skjer. Det er viktig å kunne få fortelle lyttarane at vi driv eit stort arbeid. Eg er kjempetakksam for at vi dei to siste åra har fått delt på radioen det som vi har gått og halde på. Eg hadde vore fattig utan radioen, det må eg berre sei, fortel Odd Christian Stenerud, styreleiar ved Sjøholt Folkehøgskule.

Styreleiar Stenerud har ofte vore i studio i Radio Sunnmøre og oppdatert om skulen både under bygginga og skulestart. Vi har tatt ein prat med han om både status per dags dato, og om korleis det er å ha ein lokalradio som Radio Sunnmøre i området. 

Opp mot 120 søkarar

Sjøholt Folkehøgskule har fått inn opp mot 120 søknadar til hausten, og 35 søkarar har takka ja til plass. Målet er å kome opp mot 80 elevar ved skulestart, og det har styreleiar for skulen trua på.

Skulen har hatt eit fyrste skuleår med variert innhald og varierte dagar, og både foreldre og elevar er svært takksame for skulen.

Opnar skulen for flyktningar frå Ukraina

-Vi har kontakta kommunen og sagt at vi kan ta i mot, ganske umiddelbart, flyktningar frå Ukraina. Og då i fyrste omgong fram til august, fortel Stenerud til Radio Sunnmøre.