For eit par år sidan besøkte Olaug Lillian Bjørke Sentral Asia. Ein av Åpne Dørers kjerneverdiar er: «Vi er eit bibelfolk!» I dagens program får du høyre korleis dette kjem til uttrykk i stan-landa i Sentral Asia. Mina*er involvert i å dele evangeliet med barn og unge, og fortel korleis eit søskenpar på 8 og 12 år fekk bringe familien sin til tru. Det heile starta med at dei kom på eit barnemøte som Mina og den lokale pastoren arrangerte på landsbygda. I andre halvdel av programmet får du møte Pastor Pavel*. Du får høyre korleis eit russisk-koreansk nytestamente frå fengselsbiblioteket forvandla ein berykta fange til ein ivrig evangelist. No står Pavel igjen i fare for å hamne i fengsel, på grunn av si tru og teneste. Han seier: «Eg er trygg på at det er Guds vilje at eg tener han her. Det er min plass, også om Gud vil eg skal tene han i fengselet. Eg er ikkje redd. Min bekymring er kva som vil skje med familien min dersom eg blir tatt.»  Pavel ber om forbønn for sine kjære; kona og dei tre barna som er i alderen 3 -10 år.