Etter to og eit halvt år som sjømannsprest i Sjømannskyrkja i Pattaya i Thailand, skal no Annstein Lothe tre inn i pensjonistanes rekker. I det siste intervjuet med sjømannsprest Lothe ser vi tilbake på desse åra i Thailand, på utfordringar og gleder, og høyrer Lothe fortelje om kor viktig dette arbeidet er. Vi høyrer også om korleis det blir å bli pensjonist for Lothe som i juni saman med kona flyttar heimatt til Ellingsøya på Sunnmøre.