Folket i Ukraina går ein tøff og vanskeleg vinter i møte. Dei russiske styrkane har øydelagt svært mykje av infrastrukturen i landet, noko som gjer at det er mangel både på straum, gass og vatn. Mange har store vanskar med å skaffe seg det dei treng av mat og andre naudsynte varer. Ukrainahjelpa er i gang med innsamling av midlar til matkassar som vert delte ut til dei som treng det aller mest i tida før jul. For 300,- kan du gje ein familie i Ukraina mat slik at dei kan ete seg mette iallefall nokre dagar i jula. Alt som Ukrainahjelpa samlar inn går uavkorta vidare til dei som treng det mest.